fredag 10. april 2015

Ein dag

Ein dag skal eg fortelje deg historiar. Eg skal kviskre deg i øyra. Eg skal syngje deg i søvn, sjølv om eg ikkje kan syngje. Eg skal nynne, skal stryke deg i nakken, over armen, oppover magen. Og eg skal fortelje deg alt. Ein dag.

Ein dag skal eg fortelje, og du skal lytte. Du skal ligge med augo festa i taket, og av og til skal du vende hovudet mot meg og seie "er det sant?", og eg skal svare at "kanskje er det sant" og "trur du ikkje det?". Så skal du nikke. For du vil at eg skal fortelje. Du vil høyre.

Ein dag skal eg fortelje deg historiar du vil lære deg. Fordi du vil lære om meg. Og så skal eg lyge litt også, for alle lyg litt når dei fortel. Men, du, du skal tru på det, for eg skal ikkje lyge så mykje at du ikkje trur. Skal ikkje lyge så mykje at det ikkje kan vera sant.

Ein dag skal du lytte, og eg skal fortelje. Og plutseleg skal eg gi deg ballen, og seie "din tur, no må du fortelje". Eg må det, for eg må ha noko å fortelje til neste mann.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar