torsdag 30. april 2015

korleis

korleis skal ein klare å forelske seg,
når alt ein gjer er å halde seg inne,
korleis skal ein klare å møte nye folk,
når ein helst ikkje vil møte blikket,
korleis skal ein klare å betre livet,
når ein ikkje ser vegen ut.

I dag var eg på butikken,
kjøpte matvarer for over tusen kroner.

Det var jævlig tungt å bera alt heim.
Eg hadde trengt ei hjelpande hand.

No kan eg bli inne i ei veke til.
Eg har mat.

onsdag 29. april 2015

Dei dagane

Dei dagane då ingenting smakar betre enn øl,
då ingenting passar betre enn å setje seg i sola,
då ingenting er meir rett enn at naboen fyrer opp grillen,
då ingenting hadde vore meir naturleg enn at du var her,
då ingenting og alt hadde betydd noko,
og me skulle delt det.

fredag 10. april 2015

Ein dag

Ein dag skal eg fortelje deg historiar. Eg skal kviskre deg i øyra. Eg skal syngje deg i søvn, sjølv om eg ikkje kan syngje. Eg skal nynne, skal stryke deg i nakken, over armen, oppover magen. Og eg skal fortelje deg alt. Ein dag.

Ein dag skal eg fortelje, og du skal lytte. Du skal ligge med augo festa i taket, og av og til skal du vende hovudet mot meg og seie "er det sant?", og eg skal svare at "kanskje er det sant" og "trur du ikkje det?". Så skal du nikke. For du vil at eg skal fortelje. Du vil høyre.

Ein dag skal eg fortelje deg historiar du vil lære deg. Fordi du vil lære om meg. Og så skal eg lyge litt også, for alle lyg litt når dei fortel. Men, du, du skal tru på det, for eg skal ikkje lyge så mykje at du ikkje trur. Skal ikkje lyge så mykje at det ikkje kan vera sant.

Ein dag skal du lytte, og eg skal fortelje. Og plutseleg skal eg gi deg ballen, og seie "din tur, no må du fortelje". Eg må det, for eg må ha noko å fortelje til neste mann.

Kneiken, stupet, hoppet

Så kjem ein til det punktet der ein må seie no eller aldri. Alt eller ingenting. Full pott eller "står over".

Det er den kneiken der ein må gjere opp. Kalkulere seg fram til om alt går i pluss, eller om det heile er eit einaste stort tapsprosjekt. Om det er du som satsar, og det er berre dei andre som tar.

Det er då ein må seie "høyr no", og "snakk ut".

Det må skje.

For det er det punktet. Ein står på kanten av stupet.

Og så hoppar du i det. Eller nokon dyttar deg. Eller så dyttar du nokon.

Det er så vondt.

Kanskje landar dykk begge to trygt på bakken igjen, med eit adrenalinrush?

For har du fallskjerm, så har du som regel naudskjerm også.