søndag 1. januar 2017

Godt nyttår til deg også

Godt nyttår ropar me og klemmer kvarandre.

Eg ser på fyrverkeriet som smell over meg og tenkjer på før i tida då eg i akkurat like augneblink tenkte på det eg drøymde om, på den eg ønska skulle kysse meg, på den eg sakna, på året som hadde gått, og på det eg håpa skulle skje i det komande året.

Godt nyttår. Seier me. Og sprettar ei ny flaske musserande. Deler den med eit sugerør kvar, ned i flaska.

Og eg tenkjer på året som har gått, nedturane som har vore, at eg er utan jobb, har hatt nok eit år utan kjærast. Men, eg håper litt likevel. At det skal bli betre, det neste året. Det skal likevel ikkje så mykje til for at det blir nettopp betre.

Fyrverkeriet smell høgt, pengar opp i lufta, hundretusener, pengar me like gjerne kunne ha sett fyr på. Eller gitt vekk til dei som treng det som mest.

Men, så er det litt fint også. Å sjå fyrverkeri. Få ein ny start.

Det skal gå bra. Me skal klare dette.

Det er eit nytt år.

Eg får kanskje jobb.
Eg får kanskje vere med han som eg tenkte på denne gongen.

Og eg smiler.

For eg har det bra. Akkurat då.
Og det kjenner eg, og konstaterer for meg sjølv.
Jo.

Eg har det bra.

Og det nye året skal bli betre enn det som var.

Godt nyttår seier me, og jublar.