lørdag 8. november 2014

Å leva.

Sjokolade. Kims sine French Fries. Ostekake. Burger. Kakao. Te, masse te. Ein god kaffe latte. Og ein helvetes fest. Hangover som gjer at du er i live, framleis. Sundagsanger, blåmåndag, helgekjensle på ein fredag. Grandis på laurdag. Med øl.

Ein sms frå ein, sms som får deg til å smile.

Blomar. Som blømer.

Ein katt, ein som vil ha kos.

Og ei god bok.


søndag 19. oktober 2014

k!!

Kva tid er ein klar for k..

Nei fuck det.

Kjærleiken, liksom?

Og det einaste du trur eg vil ha er kuk.

Tar meg ein k..

Kopp kakao.

mandag 22. september 2014

Kjenne det på kroppen

Det var så deilig å kjenne litt kropp. Ein hand som strauk over magen, på ryggen. Tok på meg. Tok av. Kleda av. Smilet på. Det var så deilig med ein som prata. Ein kropp, og eit hovud. Ein intelektuell, men fysisk. Ein mann, eller, meir heller ein gut. Ein som spør.

Har du det bra?
Ja, eg har det bra, har du det fint?
Ja, veldig.

Det var så deilig å kjenne litt kropp. Litt varme. Å få litt forståing.

Men, då eg gjekk ut døra tenkte han ikkje meir på det. Trur eg.

Eg lar det vere med det.

Det var berre så deilig.

Bli her

Ein dag skal du vekk.
Du forsvinn.
Kjem aldri attende.
Ein dag.

Men, ikkje no, ikkje no.
Ein dag.
Men, ikkje no.

Bli her.

Ein dag om gongen

torsdag 1. mai 2014

Fokusere, ikkje sant?

Du må ikkje tenke negativt, ikkje sant?
Du må tenke positivt!

Æsj. Eg kunne spydd.
Eg kunne lagt meg i fosterstilling.

Men, det er ingenting eg vil.
Ingenting.

Kven skal eg gjere glad i dag?

Meg sjølv. Byrjar der.

Ein kopp te. Kanskje noko musikk. Byrjar der.

Hadde eg hatt badekar så hadde eg boblebada.
Hadde eg hatt kjærast så hadde eg kosa med han.
Hadde eg hatt motivasjon så hadde eg gått ein tur ut.

Ein kopp te. Byrjar der.

Om å kjenne seg lei seg

Det er ikkje noko som kan gjere det betre.
Liksom.
Eg smiler til dei eg møter.
Spør korleis dei har det.
Smiler til dei. Seier "så bra, så fint, så flink".
Og så seier eg at eg har det greitt, om dei spør.
Går heim til tom bustad. Like tom som meg.
Smiler ikkje då.
Kva er det som gjer ein lykkeleg?

Kva gjer meg lykkeleg?

Eg vil kjenne kva lykke er.

Eg vil boble over.

Eg har det greitt, om dei spør.

tirsdag 25. mars 2014

Så j**lig deilig

Og så møtte eg ei som trur på kjærleiken, som veit at ho nok finn den, snart. 
Det var så vanvittig deilig. Så fantastisk. 
At nokon faktisk trur. Fortsatt. 

Eg veit eg er negativ. 
Men, eg har blitt skuffa så mange gonger. 
Og så har eg møtt så mange som ikkje trur.
Så mange at eg sjølv ikkje trur lenger. 

Ho eg møtte virka nesten frelst.
Ho trur i det minste.
Og det var så jævlig deilig.

mandag 17. mars 2014

Eg vil berre ha ein mann

Du må vise det, ikkje sant.
Du må stryke meg på ryggen. Når andre ser på.
Ikkje vere flau. Det må du ikkje.
Stolt, sant. Stolt over meg. Stolt med meg.
Stå ved sida av meg, og vis at du er min.
Først då er du mann nok for meg.

tirsdag 25. februar 2014

Veit du ikkje?

Veit du ikkje at eg trivst saman med deg? At eg likar at du er der. At det er du eg vil vere med? Vere meg med? 

Du ber meg ikkje tenkje på deg. Seier eg ikkje skal bry meg slik. Så ringjer du midt på natta. Vil vite om eg er i live. Fordi du ikkje har høyrt noko. 

Er det kjærleik? Nei. 

Er det forelsking? Nei. 

Du vil eg skal videre. Du vil ikkje at det skal bli oss. 

Det er i det minste det du seier. 

Og så ringjer du meg midt på natta. 

Blir du lei deg viss eg flyttar?

lørdag 15. februar 2014

Forelsking - symptomar

Du er ikkje heilt sikker på om du er forelska? Du veit ikkje om alt er riktig? Eller, du held attende slik at du ikkje blir betatt ein gong?

Viss du lurar på om du er forelska, tenk gjennom punkta under. Dersom du kan svare ja på mange av dei, så er du i fare for å vere forelska.
  • Du tykkjer han/ho er fin. Både inni og utanpå.
  • Dykk ler saman. Fordi det er fint.
  • Dykk snakkar godt saman. Du vil forstå.
  • Det er godt å komme borti kvarandre. Om så berre litt.
  • Det kriblar i magen når du tenkjer på han/ho. Av og til mykje. Av og til litt.
  • Du tenkjer på han/ho. Ofte. 
  • Du vil vere med han/ho.  Ofte.
  • Du saknar han/ho når han/ho ikkje er der.
  • Du vil at den andre personen skal ha det bra.
  • Du kjenner deg bra saman med personen. 
  • Det er naturleg og fint å vere saman. 
Forelsking er forskjellig frå person til person, men det handlar vel oftast om å ha det bra, saman?

Nyt. Ta vare på kvarandre.

Det finst kanskje ikkje betre tid enn akkurat no. Saman. Eller?

søndag 9. februar 2014

Kva skjedde med kjærleiken?

Dei blir ikkje forelska lenger, gutane, mennene. Dei må ha noko meir. Dei treng meir. 

Eg har det fint med dei, ein etter ein, me kosar oss, ler, stryk på kvarandre, og så stryk ein etter ein meg ut. Vil ikkje ha meg. 

"Det er ikkje deg, det er meg. Du betyr mykje, eg er glad i deg, men det må vere noko meir." Noko meir? Kva då? 

Kjensler. Me lev i ei verd som er så full av inntrykk at dei unge håpefulle til slutt blir vanskeleg å imponere og håplause. Kan alltid få noko anna, kan alltid prøve noko meir, noko betre. Sosial på nettet, asosial med den som sit ved sida av. Alltid noko anna å vere merksam på. 

Eg snakka med ein klok mann her ein dagen, ein som er vaksen, eller i det minste meir vaksen enn meg. Han fortalte om korleis "me som unge blei stupforelska, verda sveva, me visste ikkje korleis me skulle te oss, visste ikkje kvar me skulle gjere av oss", og så spurte han meg kva det var med oss unge i dag. 

Svaret hadde eg ikkje med ein gong, men eg kom fram til at me unge heile tida vil ha noko meir. Me har for høge forventningar til det me tar inn, for høge forventningar til kva kjærleik skal vere, kva forelsking skal vere. 

Me blir ikkje forelska lenger, for me kan alltid finne noko anna. 

Ein ny sjanse er rett rundt hjørnet. 

Snu deg berre ikkje då og finn ut at du angrar. 

For kanskje er den du er med no så bra som det kan bli? 

Har du tenkt på det?