tirsdag 25. februar 2014

Veit du ikkje?

Veit du ikkje at eg trivst saman med deg? At eg likar at du er der. At det er du eg vil vere med? Vere meg med? 

Du ber meg ikkje tenkje på deg. Seier eg ikkje skal bry meg slik. Så ringjer du midt på natta. Vil vite om eg er i live. Fordi du ikkje har høyrt noko. 

Er det kjærleik? Nei. 

Er det forelsking? Nei. 

Du vil eg skal videre. Du vil ikkje at det skal bli oss. 

Det er i det minste det du seier. 

Og så ringjer du meg midt på natta. 

Blir du lei deg viss eg flyttar?

lørdag 15. februar 2014

Forelsking - symptomar

Du er ikkje heilt sikker på om du er forelska? Du veit ikkje om alt er riktig? Eller, du held attende slik at du ikkje blir betatt ein gong?

Viss du lurar på om du er forelska, tenk gjennom punkta under. Dersom du kan svare ja på mange av dei, så er du i fare for å vere forelska.
  • Du tykkjer han/ho er fin. Både inni og utanpå.
  • Dykk ler saman. Fordi det er fint.
  • Dykk snakkar godt saman. Du vil forstå.
  • Det er godt å komme borti kvarandre. Om så berre litt.
  • Det kriblar i magen når du tenkjer på han/ho. Av og til mykje. Av og til litt.
  • Du tenkjer på han/ho. Ofte. 
  • Du vil vere med han/ho.  Ofte.
  • Du saknar han/ho når han/ho ikkje er der.
  • Du vil at den andre personen skal ha det bra.
  • Du kjenner deg bra saman med personen. 
  • Det er naturleg og fint å vere saman. 
Forelsking er forskjellig frå person til person, men det handlar vel oftast om å ha det bra, saman?

Nyt. Ta vare på kvarandre.

Det finst kanskje ikkje betre tid enn akkurat no. Saman. Eller?

søndag 9. februar 2014

Kva skjedde med kjærleiken?

Dei blir ikkje forelska lenger, gutane, mennene. Dei må ha noko meir. Dei treng meir. 

Eg har det fint med dei, ein etter ein, me kosar oss, ler, stryk på kvarandre, og så stryk ein etter ein meg ut. Vil ikkje ha meg. 

"Det er ikkje deg, det er meg. Du betyr mykje, eg er glad i deg, men det må vere noko meir." Noko meir? Kva då? 

Kjensler. Me lev i ei verd som er så full av inntrykk at dei unge håpefulle til slutt blir vanskeleg å imponere og håplause. Kan alltid få noko anna, kan alltid prøve noko meir, noko betre. Sosial på nettet, asosial med den som sit ved sida av. Alltid noko anna å vere merksam på. 

Eg snakka med ein klok mann her ein dagen, ein som er vaksen, eller i det minste meir vaksen enn meg. Han fortalte om korleis "me som unge blei stupforelska, verda sveva, me visste ikkje korleis me skulle te oss, visste ikkje kvar me skulle gjere av oss", og så spurte han meg kva det var med oss unge i dag. 

Svaret hadde eg ikkje med ein gong, men eg kom fram til at me unge heile tida vil ha noko meir. Me har for høge forventningar til det me tar inn, for høge forventningar til kva kjærleik skal vere, kva forelsking skal vere. 

Me blir ikkje forelska lenger, for me kan alltid finne noko anna. 

Ein ny sjanse er rett rundt hjørnet. 

Snu deg berre ikkje då og finn ut at du angrar. 

For kanskje er den du er med no så bra som det kan bli? 

Har du tenkt på det?