søndag 9. februar 2014

Kva skjedde med kjærleiken?

Dei blir ikkje forelska lenger, gutane, mennene. Dei må ha noko meir. Dei treng meir. 

Eg har det fint med dei, ein etter ein, me kosar oss, ler, stryk på kvarandre, og så stryk ein etter ein meg ut. Vil ikkje ha meg. 

"Det er ikkje deg, det er meg. Du betyr mykje, eg er glad i deg, men det må vere noko meir." Noko meir? Kva då? 

Kjensler. Me lev i ei verd som er så full av inntrykk at dei unge håpefulle til slutt blir vanskeleg å imponere og håplause. Kan alltid få noko anna, kan alltid prøve noko meir, noko betre. Sosial på nettet, asosial med den som sit ved sida av. Alltid noko anna å vere merksam på. 

Eg snakka med ein klok mann her ein dagen, ein som er vaksen, eller i det minste meir vaksen enn meg. Han fortalte om korleis "me som unge blei stupforelska, verda sveva, me visste ikkje korleis me skulle te oss, visste ikkje kvar me skulle gjere av oss", og så spurte han meg kva det var med oss unge i dag. 

Svaret hadde eg ikkje med ein gong, men eg kom fram til at me unge heile tida vil ha noko meir. Me har for høge forventningar til det me tar inn, for høge forventningar til kva kjærleik skal vere, kva forelsking skal vere. 

Me blir ikkje forelska lenger, for me kan alltid finne noko anna. 

Ein ny sjanse er rett rundt hjørnet. 

Snu deg berre ikkje då og finn ut at du angrar. 

For kanskje er den du er med no så bra som det kan bli? 

Har du tenkt på det?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar