Ho har alltid hatt nokre få materielle ting ho berre må ha
med seg for å kjenne seg heime, men denne gongen står ho utan noko som helst.
Ho veit ho har heile livet framføre seg, og likevel kikkar ho seg heile tida
over skuldra, ser bak i tid. Det som er der framme er skumlare enn noko anna,
ho vil ikkje møte det. Ho må, men ho vil ikkje, torer ikkje, maktar ikkje. Det
er så mykje som har skjedd i det siste at det kjennest som om nokon har latt
ein tornado slå seg laus på alt og alle rundt ho. Det er kaos, og alt ho
tenkjer på er at ho ikkje har sove på fire dagar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar